Kan spare enorme raskostnadar, men stortinget seier nei

Ny teknologi og innovative løysingar kan forhindre skadar når uvêret herjar, likevel blir det ikkje prioritert.

Ekstremvêra «Hans» og «Jakob» har herja på kvar sin side av landet. Brukollaps, stilleståande godstransport og menneske i isolerte bygde. Når uveret rammar, så rammar det nokre stadar ekstra hardt. 96 milliardar kroner trengs for å sikre riks- og fylkesvegar mot ras. Nær 70 prosent av summen gjeld for fylkesvegane, vegar som er heilt avgjerande i folk sin kvardag.

Uvêr kostar

I 2023 gjekk eit 250 meter langt stein- og jordras i Vågå kommune i Innlandet. Raset gjekk over både kommunal- og fylkesveg, og forbi hus som ligg nedanfor vegen. 

Ny veg er flytta på, og den er sikra med boltar, grøfta er tetta så vatn ikkje trenger igjennom vegen, for vatn kan utløyse nye ras. Prislapp: 6,7 millionar kroner.

Ei bru over ei elv med steiner under. Brua har kollapsa og har ein knekk på midten. Bak brua er det høge fjell.
Edna bru kollapsa under stormen Jakob. Foto: Morten Søreide-Iversen/Vestland fylkeskommune

– Ekstremvêret «Hans» gjorde skader for minst 400 millionar kroner i Innlandet. Vi har Noregs største fylkesvegnett med 7000 kilometer veg, og vi set att med ein stor del av rekninga. Uver kostar oss både ressursar og pengar, og dette viser kor viktig det er å satse på langsiktig arbeid for å førebyggje skadar frå flaum og skred, seier Iselin Vistekleiven, hovudutvalsleiar for samferdsel i Innlandet

For lite bidrag

I Energi- og miljøkomiteen si innstilling til stortingsmeldinga «Tryggare framtid – Førebudd på flaum og skred» skriv medlemmane frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti at det er viktig å førebygge og gjere tiltak for å utbetre ras- og skredpunkt langs veg- og banestrekningar.

Medlemmane meiner at fleire punkt kan sikrast ved å ta i bruk teknologi og innovative løysingar, og at sikringstiltaka kan bli iverksett raskare. Det vil auke tryggleiken langs fleire strekningar og er meir påliteleg og forutsigbart for folk og næringsliv.

Randi Walderhaug Frisvoll, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, er difor overraska over at nye teknologiske løysingar ikkje er løfta fram som ei satsing i komiteen sine forslag og tilråding til Stortinget.

Smartare sikring

Førebygging kan spare samfunnet for mykje pengar. På oppdrag frå Finans Norge har Menon Economics og Norges Geotekniske Institutt sett på den samfunnsøkonomiske verdien av å førebygge mot klimaendringar. Konklusjonen er at førebygging er lønsamt. For kvar krone som er investert i å redusere flaum og skred blir mellom fire og seks kroner spart.

Nasjonal rassikringsgruppe meiner det er avgjerande å få ei insentivordring og eit innovasjonsprogram på plass, i tillegg til ordinære løyvingar.

Sikring er statleg ansvar

I vest er det andre utfordringar. Under ekstremvêret Jakob i november 2024 kollapsa plutseleg Edna bru i Ullensvang kommune i Vestland. Ædnafossen hadde uvanleg mykje vatn i seg, og plutseleg gav brua etter.  Til saman har Jakob kosta Vestland fylkeskommune 200 millionar kroner.

– Tiltak blir meir og meir aktuelt med klimaendringane som skjer, ikkje minst for veg og infrastruktur. Vi må kunne sikre fylkesvegane på same måte som resten av vegnettet, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.

Andre bruer står på Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si liste for å bli byta ut. Ikkje fordi bruene er gamal og treng vedlikehald, men fordi dei ikkje kjem til å tole neste flaum. I Vestland er ikkje desse bruene prioritert.

– Flaumsikring er eit statleg ansvar. Statlege NVE må sikre midlar til flaumsikring av fylkesvegbruene. Fylkeskommunen får sine midlar frå staten, og då kan ikkje NVE sidestille flaumsikring av riksvegar og fylkesvegar, seier Askeland.

Nasjonal rassikringsgruppe meiner også at staten i altfor liten grad bidreg når det gjeld klimatilpassing, førebygging og sikring av vegar som er heilt nødvendige å bruke i beredskap og kriser.

– Beredskapen vår er heilt avhengig av at framkomme på vegane, som må vere sikre og opne. Klimaendringane vil gi meir rasproblematikk framover. Skredsikring, førebygging mot ekstremvêr, ras og flaum er klimatilpassing i praksis, seier Frisvoll.