I regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett er det ingen auke i satsing på rassikring. Det er sett av kr. 1,9 milliardar kroner og er kun ei justering for kostnadsveksten. Det rimar dårleg med det aukande behovet vi har for rassikring, blant anna på grunn av klimaendringan.
Ber Stortinget om meir pengar til rassikring
Nasjonal rassikringsgruppe ber om at rassikring vert prioritert under forhandlingane i Stortinget
I regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett er det ingen auke i satsing på rassikring. Det er sett av kr. 1,9 milliardar kroner og ligg kun ei justering for kostnadsveksten. Det rimar dårleg med det aukande behovet vi har for rassikring, blant anna på grunn av klimaendringane.
Behovet for rassikring av riks- og fylkesvegar er enormt. Det er nyleg kartlagt eit behov på over 70 milliardar i heile landet. Finansieringstakten er i dag alt for låg, og held på ingen måte tritt med ut-fordringane.
«Nasjonal rassikringsgruppe vil derfor gjenta vårt krav om at dagens rammer må tredoblast. Det må til for at vi kan fjerne dei mest kritiske raspunkta i løpet av planperioden for Nasjonal Transportplan 2022-33», sier leder for nasjonal rassikringsgruppe, Jenny Følling.